This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.

Framfør 2017-sesongen har Team Coop gjort fleire oppgraderingar for å kunne utvikle oss som lag. Eit av dei er å disponere eit hus i Stavanger som kan bli nytta av oss som ikkje har heimstadadresse der frå før.
Dette var ein sjanse eg ikkje kunne la gå frå meg. Så etter seks år i byen mellom dei sju fjell, pakka eg sekken og såtte meg på eit fly mot oljebyen.
Det var mange gode grunnar til å teste ut solkysten i Rogland. For det første så bur mange av lagkameratane mine i Team Coop der. Her gjennomfører dei sin daglige trening og her bur Katusha-duoen Alexander Kristoff og Sven Erik Bystrøm. Så kvaliteten på sparingspartnerane er mykje høgare enn det eg har hatt i Bergen.
Det at alle også følger treningsprogrammet og filosofien til Stein Ørn, gjer at me kan samkjøre øktene og presse kvarandre.
Her kjem eit innblikk i treningskvardagen i Rogaland.
Spinn Hillevåg
Kvar treningsøkt blir starta utanfor sykkelbutikken Spinn sine lokalar på Hillevåg.
Her er det ingen tilgiving for ”forseintkomning”, og er du så mykje som eit halvt minutt etter avtalt tid, må du innstille deg på å sykle dine seks timer aleine.
Dette var med andre ord ein knallhard realitetsorientering for ein distré gut heilt utan retningsans. Eg måtte belage meg på ei god veke med innkjøring, for å finne fram til Spinn i tide til treningsstart.
Mount Aspervika
Det eg hadde gledd meg mest til ved å kome til Stavanger, var å kunne trene i Aspervika-bakken i Sandnes.
Denne ikoniske bakken hadde eg høyrt om lenge før eg sykla den for første gang under bakkeintervallane i vinter. Allereie som ny-signert Coop-syklist dukka den opp på treningsprogrammet.
Lettare forvirra leste eg treningsprogrammet i maien frå Stein Ørn, der det sto ”8xAspervika, rolig sykling etterpå”. Seinare fekk eg forklart at Aspervika-drag kan kjørast overalt i Europa i bakkar som har varighet på rundt fire minutt og har gjennomsnittlig stigning på åtte prosent.
Det var derfor stort endelig å kunne kjøre opp denne legendariske bakken gang etter gang, pustande og pesande på bakhjulet til Krister Hagen og Håvard Blikra, gjerne med Coach Magnus Børresen kjørande i følgjebil bak med heiarop og motiverande instruksar.
Etter ti drag opp bakken er det er ein ganske slagen gjeng av kvitkledde syklistar som ligg og gispar etter luft.

Pes på Randaberg
Ein av dei viktigaste grunnane for å bu i Stavanger i sesongen er bilpes-øktene på Randaberg. Den vesle kommunen som ligg som Jærens nordre spiss er tilhaldsstad for dei hardaste øktene me gjennomføra.
Ulike drag og intervallkombinasjonar bak den grøne bilen til Dr.Ørn blir gjennomført på dei solrike vegane på Randaberg. Ei trening som gjer fryktelig vondt, men som forhåpentlegvis fører til bedre trøkk i sykkelløp utover sesongen.
Morro på kveldane
Sjølv om det å trene og presse seg hardt er i fokus i treningskvardagen i Råga, finst det heldigvis tid til sosiale sprell på kveldane.
Enten det er Fredrik Strand Galta som inviterer på kvalitetskaffe av det ypparste slaget frå sin espressomaskin, eller spelekveldane som Krister Hagen og kjærasten Mari inviterer til.
Uansett er det garantert god stemning og ein sikker måte å koble av på og fylle bateria før ein ny morgon med høg puls og rask pedelering.