This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Livet som regnværssyklist
Vestlending: Født og oppvokst i havgapet utenfor Bergen. Austevoll er vandt til ruskevær på sykkelsetet. Foto: Team Coop - Øster Hus / Erik Flæsen Dalen

Norge er kjent for sine mange regnværsturer, og her følger ti tips til korleis du kan håndtere gufsete vær.
Tekst: Ole Andre Austevoll, Team Coop Østerhus
Mitt namn er Ole Andre Austevoll og eg brukar mine beste ungdomsår på å sykle så fort eg klarar rundt på dei norske og europeiske landevegar saman med mine lagkameratar i Coop-Østerhus. Livet som syklist er like mykje ein livstil som ein jobb og krev at du legg livet ditt optimalt opp med tanke på trening, kosthald og restitusjon.
Dette betyr også å komme seg ut på sykkelen for dine daglige timar kvar dag uansett vær. I dette perspektivet har eg kanskje ikkje valt det mest behagelige livet for sykkelsatsing ved å busette meg i Europas nedbørsmetropol, Bergen.
Når eg no fekk den gjeve ære av å blogge for Sykkelmagasinet, tenkte eg å dele min erfaring som regnværs-syklist for Sykkelmagasinets mange lesarar.
(Bloggen fortsetter under bildet)

Så uansett om du trener for å prestere i ritt eller for å holde formen gjennom året, her kjem 10 tips for sykling i regnvær:
- Tren i godt selskap.
Når det pøsar ned og humøret er sviktande er det ingenting som slår positive treningskamerater som har ein morosam historie å fortelje. Det er ofte vanskeligare å feige ut og avbryte turen framfør andre så timane vil både gå lettare og raskare om du trener i lag med kjekke folk
- Bruk været som mentaltrening.
Om du skal være med på sykkelritt rundt omkring i Norges land i løpet av året er sjansen særs stort for at vêrgudane vil gje deg eit ublidt møte med norske forhold. Sjå derfor på treninga som gratis mentaltrening og eit forsprang på konkurrentane til seinare stunder, når motstandarane dine mister piffen på slutten av regnværs-ritt har du ein stor fordel.
- Isoler fingrar og tær
Det kritiske når det blir skikkelig kaldt er ofte tær og fingrar, ta med deg eit ekstra par hanskar og sokkar på baklomma og skift etter halvegs kjørt langtur. Ein klassikar er posetrikset; ta ein plastikkpose rundt sokken og teip han fast før du tråkkar inn i sykkelskoa.
- Visualiser kaffikoppen
Ein motivasjon som eg ofte bruker på dei seigaste dagane er å tenke på kor ufatteleg deilig det er å komme inn igjen å varme seg med eit varmt pledd og ein kaffikopp. Kaffien smakar aldri betre enn etter seks timar med uvær unnagjort.
- Styr unna dalsøkk
Sjølv om det regnar der du bur er det ikkje sikkert det høljar ned like mykje overalt. Sjekk derfor internettet nøye før du syklar ut og finn plassar med mindre nedbør. Eit erfaringstips er at det regnar mindre ut langs kysten og meir i dalsøkk med store fjell rundt seg.
- Hold deg i låglandet
Mange tenker at å kjøre lange bakkar når det regner kan være eit triks for å få i gang pulsen og kroppstemperaturen, men dette kan fort vise seg å være ei kortsiktig løysning. Problemet oppstår når du kjem på toppen av stigninga og skal renne utfor. Dette kan bli ei særs kald og ubehageleg oppleving så rådet er å finne relativt flate vegar der du kan kjøre jamnt tempo.
- Ikkje inviter for mange med ut
Sjølv om det kjekkaste med sykling som idrett er det sosiale aspektet og det å trene saman i store grupper av gode kjentfolk, er skikkelige drittværsdagar kanskje ikkje dagen for å invitere alle på Facebook med på ein langtur.
Når du ligg på hjul og får alle gjørmen og regnet spurtanes opp i andletet kan dette fort bli ein heller kjip langtur. Det optimale er derfor rundt 3-4 stykk som kan bytte på å dra og kjøre på så alle helde varmen.
- Invester i ein god regnjakke
Regnjakka er utan tvil ditt sterkaste våpen mot naturkreftene for å holde varmen gjennom dei våtaste turane. Dette er ikkje det plagget du skal spare pengar med å kjøpe billig-varianten.
I Coop-Østerhus kjører me på tøy frå Santini og den regntette jakka vår har redda mange turar frå fiasko.
- Nest siste utveg
Ikkje alle som les Sykkelmagasinet trenar for å prestere i internasjonale løp eller bli proff så om du ikkje er like redd for å få gangsperr i den skjøre sykkelmuskulaturen som sportsdirektørene og trenarane i Coop-Østerhus, så er jo sjølvsagt eit alternativ å heller snøre på seg joggeskoa og ta seg ein springetur i fjellet.
- Siste utveg
Når motivasjonen verkeleg kjempar i mot deg og regnet sildrar ned som aldri før, er sjølvsagt eit fristande val å kapitulere og heller sitte inn denne dagen.
Men det er noko spesielt med å komme inn frå ein sykkeltur etter å ha heldt ut med naturkreftene nokre timar for å så leggje seg under teppet, og du er vel ikkje typen som gjer opp med første du? Er du vell?